Koronaviruset: Nytt smittetilfelle i Hareid
Ein gjestearbeidar som kom til Vigra på fredag, har testa positivt på covid-19.
Vedkomande blei testa med hurtigtest på flyplassen. Testen var positiv og arbeidaren blei sendt rett i isolasjon. Søndag kveld kom også svaret på den ordinære testen. Det var også positivt.
Personen bur åleine og har derfor ingen nærkontaktar. Vi reknar derfor med at vi har kontroll på smittesituasjonen.
Sjølv om vi ikkje veit om "villsmitte" i Hareid kommune per no, ber vi alle om å leve som om det er det. Det er det viktigaste verkemiddelet vi har for å hindre at eit smittetilfelle blir eit smitteutbrot.
Generelle smittevernreglar
- Hald deg heime om du ikkje er frisk. Test deg så snart som mogleg om du trur du er smitta.
- Hald minst 1 meter avstand til personar utanfor eigen husstand.
- Vask hender ofte med såpe og vatn. Nytt handsprit om vatn og såpe ikkje er tilgjengeleg.
- Dersom du reiser/pendlar mellom ulike kommunar: Hald reglar og råd frå den kommunen med strengast tiltak.
Publisert22.03.2021 11:52
Sist endra22.03.2021 13:22