Kortare tid å vente på dose 2!

Frå 9. august startar vi å framskunde dose 2 med koronavaksinen.

Pexels/Nataliya Vaitkevich  

FHI har beslutta å starte hovudutrullinga av dose 2, to veker tidlegare enn planlagt. Det betyr at dei fleste vil få dosen raskare enn det dei fyrst fekk avtale til. No blir intervallet sannsynlegvis rundt 10 veker.

Alle som har fått fyrste vaksinedose i Hareid kommune har allereie fått time til dose to. Den kjem no til å bli endra. På grunn av mykje arbeid med å endre time/sende ut tekstmelding, vil ikkje meldinga om ny tid kome før 1-2 veker før. (Oppdatert 2. august)

Ta kontakt med helsestasjonen snarast om den nye timen ikkje passar: