Kraftig framgang i kommuneundersøking

Forbetringa frå førre undersøking er ut over det som er normalt, skriv KS som har evaluert Hareid.

Klikk for stort bilete

Hareid kommune gjennomførte våren 2019 si andre kommunekompassundersøking. Kommunekompassundersøkinga seier noko om forvaltningspraksisen i kommunen. Ein vert samanlikna med andre kommunar på åtte område og vi ser ei god forbetring på nesten alle områda:

  1. Offentlegheit og deomkrati: 35 poeng (+12 frå 2017)
  2. Tilgjengeligheit, innbyggar og brukarorientering: 28 poeng (+11)
  3. Politisk styring og kontroll: 49 peong (+10)
  4. Lederskap, ansvar og delegasjon: 40 poeng (+5) 
  5. Resultatfokus og effektivitet: 49 poeng (+18)
  6. Kommunen som arbeidsgivar: 34 poeng (+3)
  7. Utviklingsstrategi og lærande organisasjon: 45 poeng (+18)
  8. Kommunen som samfunnsutviklar: 44 poeng (-1)

Godt nøgde med framgang

I 2017 fekk vi berre 247 av 800 mulige poeng og låg nesten på botnen blant dei kommunane som har tatt undersøkinga. Det vart oppretta eit prosjekt for å jobbe med dette, LOSEN 2025 (kort for Lærande organisasjon med samskaping og energisk nyskaping mot 2025). Prosjektet satte som mål å nå 300 poeng i år. Det klarte vi med glans. Totalen blei nemleg 324 poeng! Det er 77 poeng meir enn førre gang. Det er vi godt nøgde med.
Vidare mål 500 poeng innan 2025. Resultatet av undersøkinga i vår viser at vi er under utvikling og på god vei mot målet. 

- Stort trykk og klokskap

KS- konsulenten som har hatt ansvar for evaluerings seier mellom anna følgande i rapporten sin: 

«Skåren i 2019 er hele 77 poeng høyere enn det den var i 2017. Dette er bra og ut over det vi normalt ser som gjennomsnittlig i progresjon i poengutvikling hos kommuner som jobber med systematisk kommuneutvikling. Det er ingen tvil om at mange av prosjektene fra Utviklingsstrategiene er igangsatt og gjennomført med stort trykk og klokskap, og at Hareid kommune i 2019 fremstår som en annen kommune enn det som var tilfelle i 2017…Hareid kommune har et veldig godt grunnlag for å jobbe videre med spennende utvikling siden organisasjonen fremstår som en organisasjon med meget kompetente medarbeidere, ledere og politikere.» 

Dette tek vi med oss videre i arbeidet med å verte ein effektiv, utviklingsorientert, lærende og politisk målstyrt kommuneorganisasjon.