Kurs for pårørande til psykisk sjuke og rusavhengige

Lær om mellom anna verdigheit, rettar, behandling og familieperspektiv. 

Klikk for stort bileteDei som held kurset er f.v.: Marita Øye, Kari Bjerkeng Grong, Geir Sæther og Synnøve Takseth Ta Tak er eit kurs for deg som er pårørande til nokon som slit med psykisk helse og/eller rusmiddelavhengigheit.

Kurset er gratis og går over seks kveldar, med ein kurskveld i veka. Det blir halde på Prestegården i Volda onsdagar klokka 18 - 20 med oppstart 16. september.

Tema på kurskveldane er:

  • Meistring og verdigheit
  • Tvang og rettigheiter
  • Behandling
  • Pårørandeorganisasjonar
  • Søsken og andre barn i familien
  • Familieperspektivet

Det er to innlegg på kvar kurskveld – eitt frå fagpersonar frå kommune eller andrelinjetenesta, og eitt frå personar som deler sine eigne erfaringar.
 
Informasjon og påmelding:

For meir informasjon eller påmelding, ta kontakt innan 01.09.20:

 
Arrangørar: Volda kommune i samarbeid Ulstein, Hareid, Herøy, Vanylven, Sande og Ørsta kommunar,  Kompetansesenter Rus – Midt-Norge (KoRus), Ålesund behandlingssenter og DPS.