Erlend Friestad
Formannskapet har vedteke å sende saka ut på høyring. Det betyr at alle som ønsker det kan leggje fram si meining.
Etter høyring skal saka opp til ny handsaming i dei folkevalde organa, og til endeleg vedtak i kommunestyret, tidlegast 20. mai.
Om saka
Hareid kommune har svært god barnehagedekning og ledig kapasitet både i dei kommunale barnehagane og den private. Per no er det 26 barn i Hareid barnehage. Desse vil bli prioriterte over nye søkjarar om Hareid barnehage blir lagt ned.
Alternativ 1: Renovering og modernisering Hareid barnehage, bygd i 1976, treng omfattande renovering for å møte dagens standardar. Dette inkluderer skifting av vindauge, oppgradering av garderobeforhold og tilpassing for barn med særskilde behov. Trafikk- og parkeringsforholda må også betrast. Barnehagen har ei god lokalisering og eit kulturelt mangfald som gir barna innsikt i andre kulturar. Renovering vil føre til auka kostnadar, men tilsette vil sleppe å endre arbeidsstad.
Alternativ 2: Nedlegging Ved å legge ned Hareid barnehage, vil barna bli fordelt på andre kommunale og private barnehagar. Dette vil redusere driftskostnadane og gi eit større fagmiljø for dei tilsette. Kommunen kan selje bygget og tomta for å frigjere kapital. Nedlegging vil også vere meir økonomisk berekraftig på lang sikt. Kommunen vil spare over to millionar kroner årleg på å leggje ned barnehagen.
Konklusjon Administrasjonen meiner at nedlegging av Hareid barnehage er det mest framtidsretta alternativet for kommunen. Dette vil sikre ein berekraftig barnehagestruktur og betre økonomi for Hareid kommune i åra som kjem.
Slik fortel du oss kva du meiner
Du kan sende inn høyringssvar på tre måtar:
- skjema – svar på dette skjemaet – eit enkelt spørjeskjema der du kan skrive kva du meiner om forslaget
- send ein e-post til postmottak@hareid.kommune.no – beste alternativ om du har filar du vil leggje ved
- Papirbrev kan du sende til Hareid kommune, Rådhusplassen 5, 6060 Hareid
Frist for å sende inn høyringssvar er 21. april.
Dette meiner andre
Vi vil fortløpande fram til høyringsfristen leggje ut høyringssvara vi får inn - nyaste innspel nedst:
Frå Anonym:
Akkurat i denne saka, er nedlegging det mest foruftige og framtidsretta.
Frå Anonym:
Alternativ 2 meiner eg er best. Men da må syverplassen få på plass nødvendig inventar i dei nye tilbygga.
Frå Anonym:
Spar penga en anna plass en på barn. Må vell ver en anna plass dokke sløsa penga.
Frå Anonym:
Sparing av 2 millioner per år er ikkje fakta.
Vil ikkje dei andre kommunale barnehagane måtte få meir bemanning, utbygging av barnehagar og omstrukturering for å kunne ta imot dei borna som ikkje lenger kan gå på hareid barnehage?
Frå Anonym:
Totalt galskap å legge ned barnehagen,men det er typisk kommune,bygger stadig nye bygg men tenker ikke på at det skal vedlikeholdes
Frå Anonym:
Tida er inne for å legge ned Hareid barnehage!
Det burde ikkje finnast to alternativ i denne saka. Å skulle renovere og fikse eit gamalt og slete lokale, er meiningslaust og tull når kommuneøkonomien er dårleg.
Det finnast gode alternativ for bhg plass, og tenkjer det er ledig kapasitet i den flotte Norlandia barnehagen på Holstad- som også ligg sentrumsnært.
Der er det stort og godt fagmiljø og fokus på trygge og glade barn! Satsningsområder som er in i tida, GoGreen, JUMP og MatMedSmak. Personale med god erfaring og mykje kjærleik til "ditt" barn!
Sel bygget til Hareid bhg til høgstbydande og gå vidare- løft blikket og sjå dei gode alternativa som berre ligg å ventar !
Frå Anonym:
Dette er tull. Blir for dumt å skulle invistere mye i Hareid som reiselivsmål, samtidig som det kuttes i nødvendige tjenester som barnehage/skule som faktisk gjer at folk busetter seg på Hareid.
Frå Anonym:
Legg ned Hareid barnehage. Den skulle ha vore nedlagt for mange år sidan.