Kvar går, syklar, padlar eller rid du?

Saknar du ein tursti i nærleiken av der du bur? Veit du om ein gamal sti som treng merking? No treng vi innspel frå deg som innbyggar på Hareidlandet!

Bilete av turgåar og stimerke på Tørlingehaugane - Klikk for stort bileteTørlingehaugane er eit av grensefjella mellom Hareid og Ulstein kommunar. Erlend Friestad
Skjermbilete av kartløysing der innbyggarar kan leggje inn stiar og merke. - Klikk for stort bileteKartløysing der forslag kan teiknast inn.

Ulstein og Hareid kommunar skal kartlegge og lage ein felles plan for friluftslivets ferdselsårer, altså stiar, turløyper, padleled, sykkelvegar, snarvegar og liknande.

Har du lyst til å hjelpe til med å legge til rette for stiar slik at fleire kan kome seg ut i naturen? Har du tankar og idear om tiltak som vi kan gjere i kommunane våre for å vidareutvikle friluftslivets ferdselsårer

 

Slik kan du kome med innspel 

Vi har ein eigen portal på nett med kartløysing der du kan leggje inn innspela dine.

Sjekk her: bit.ly/turinnspel

Du kan også sende innspel på e-post: postmottak@hareid.kommune.no

Merk e-posten med saksnummer 22/1091.

Frist for å kome med innspel: 1. juni

 

Døme på innspel:

  • turmål, utsiktspunkt, spesielle element i naturen
  • forslag til etablering av nye stiar, utplassering av benk, gapahuk og liknande  
  • nærturar, snarvegar
  • tilrettelegging/forbetring (merking, universell utforming, klopping og steinlegging med meir)
  • feil og manglar i kartet

Det første steget i denne kartleggingsfasen er å samle inn informasjon om kva turar/stiar/løyper vi har i Ulstein og Hareid, altså kva som er nosituasjonen. Prosjektgruppa har samla stiar frå ulike kartlag i eit eige kart utan å ta stilling til kva som skal vere med i den endelege planen.

Vi ønsker oss også informasjon om ting som parkering, skilt, merking, slitasje, grunneigaravtale med meir.  Det kan også vere stiar/løyper som vert brukt til anna enn til å gå – eksempelvis sykle eller ride.

 

Kvifor gjer vi dette?

Miljødirektoratet starta i 2019 ei nasjonal satsing på friluftslivets ferdselsårer. Kommunane har fått midlar til dette arbeidet.

Målet med temaplanen er å identifisere, vareta og utvikle friluftslivets ferdselsårer for å sikre eit attraktivt tilbod til innbyggarane med tanke på folkehelse, livskvalitet, bulyst og reiseliv. Planen skal bidra til at frivillige, lag og foreiningar og kommunen får til eit godt samarbeid på dette området. 

For å nå det nasjonale målet om at innbyggarane skal vere aktive i nærmiljøet og naturen elles, krevst det god tilgang til turmoglegheiter og attraktive naturområde. 

Det er klare samanhengar mellom utforming av ferdselsårene og bruken av dei. Rundturar og turar i naturlege omgivnadar er meir attraktive enn turar som går fram og tilbake eller i bustadområde og trafikkerte område. Nærleik til ferdselsårene er også vesentleg. Undersøkingar viser at avstanden frå bustad til næraste turmoglegheit er heilt avgjerande for utøvinga av friluftsliv i kvardagen.

Planen skal gi oversikt over viktige og relevante ferdselsårer for friluftslivet i kommunane. Han skal skildre nosituasjonen og skissere tiltak for å vareta og utvikle ferdselsårene.

 

Lyst til å vite meir?

Miljødirektoratet har utarbeidd ein rettleiar for arbeidet med ein slik plan som ligg på nettstaden deira.   

Ulstein (PDF, 404 kB) og Hareid (PDF, 637 kB)har laga eigne prosjektplanar med mål for det lokale arbeidet. Det vart etterkvart bestemt at dette arbeidet ville vi gjere i lag og utarbeide felles ein plan for Hareidlandet.

Eksempel på klopplegging og turstibygging ute i naturen.