Kven skal få kulturprisane i 2020?

Kulturprisen og ungdomens kulturpris er eit samarbeid mellom kommunen og Sparebanken Møre.  

Klikk for stort bileteHareidsprisen gjekk i 2019 til Johannes (Johs) Klungsøyr for arbeidet han har gjort med å ta vare på historia om Rasofiel Rise, med bygdetunet Vonheim. Prisen blei delt ut av dåverande ordførar Anders Riise og Melinda Skeide frå Sparebanken Møre. Christine Riise Øvrelid   Klikk for stort bileteArtist Sofie Gjerde Tonev fekk ungdomens kulturpris i 2019. Christine Riise Øvrelid    Kjenner du nokon som fortener kulturprisen i Hareid?  No har du høve til å fremje kandidatar både til  kulturprisen (Hareid-prisen) og til ungdomens kulturpris.

Veit du om ein einskildperson eller ei gruppe av personar, lag og organisasjon som høyrer heime i kommunen og som i løpet av året, eller gjennom ei årrekkje, har gjort ein særleg stor og verdfull innsats innanfor det utvida kulturomgrepet?

Om du gjer det, kan du fremje vedkomande som kandidat. Framlegget skal vere skriftleg og det skal grunngjevast.

Send via dette skjemaet eller per brev til:

Hareid kommune
v/Sektor for læring og kultur
Rådhusplassen 5
6060 Hareid

Meld inn kandidatar innan 15. september 2020.

Har du spørsmål om prisane?

Bli med å fremje kulturen i Hareid kommune!