Kven skal få kulturprisen og ungdomens kulturpris 2021?

Kulturprisen er eit samarbeid mellom kommunen og Sparebanken Møre. Vi deler ut to Kulturprisar –  Hareidsprisen og ungdommens kulturpris.

 

Kjenner du nokon som fortener kulturprisen i Hareid?

Veit du om ein einskildperson eller ei gruppe av personar, lag og organisasjon som høyrer heime i kommunen og som i løpet av året, eller gjennom ei årrekkje, har gjort ein særleg stor og verdfull innsats innanfor det utvida kulturomgrepet?

Om du gjer det, kan du fremje vedkomande som kandidat til Kulturprisen. Framlegget skal vere skriftleg og det skal grunngjevast.

Du finn eige skjema for nominering på heimesida. Her må du og krysse av for kva pris du nominerer til. Du kan sende inn til postmottak@hareid.kommune.no eller per brev til:
 

Hareid kommune
v/Sektor for læring og kultur
Rådhusplassen 5
6060 Hareid

Meld inn kandidatar innan 12. september 2021

Har du spørsmål, sjå her. Her kan du også sjå liste over dei tidlegare vinnarane.