Sjå videopresentasjon under:
Målet er at Tusenårsplassen skal vere ein fin møteplass for innbyggarar i alle aldrar. Vi ønsker derfor å få innspel frå innbyggarar til korleis vi kan få til det. Rammene er stramme, både økonomisk og tidsmessig, så det er ikkje rom for dei store sprella. Send dine innspel til postmottak@hareid.kommune.no
Grovskissa av parken ser omtrent slik ut: Nedst vil det vere ny kaifront i tre. Her vil det vere sitjeplassar. Perfekt for is og lønsj på sommaren og kakao på vinteren. Kaia vil likne på den nye kaia ved Pakkhuset i Brandal. Treelementet frå kaia vil bli tatt med vidare opp gjennom heile parken
Nedre del av parken vil vere «møtestaden» her vil vi setje opp benkar og element som kan gi ly for vind, som levegg og vegetasjon. I «andre avdeling» blir det eit offentleg toalett tilrettelagt for rullestolbrukarar. Det vil også bli plass til torghandel. Kva med å ha julemarknad med lokale varer neste år?
Stien gjennom parken går til fotgjengerovergangan i Strandgata. På andre sida av gata vil det også vere sitjeplassar og vegetasjon.
Bakgrunnen for at vi no lagar ein park her, er at Tusenårsplassen måtte gravast opp i samband med infrastruktur til Helsehuset. I staden for å bruke pengar på å setje i stand plassen slik han var (i hovudsak asfalt, og midlar frå sjølvkostfondet for vatn og avlaup), blir pengane no brukt til å oppgradere området. Vi bruker også midlar frå anløpsfondet for å lage kaikant. I tillegg løyva kommunestyret ekstra midlar til å oppgradere parken i budsjettet. Reknestykket ser derfor slik ut:
Anløpsmidlar til kaikant: 1 million
Midlar får sjølvkost: 1 million
Løyving frå kommunestyret: 3 millionar
Totalt 5 millionar