Læring gjennom fest

Klikk for stort bilete1.- og 2.-klassingane på Hjørungavåg skule hadde gått 100 dagar på skulen denne veka. Barn lærer best når dei har det kjekt. So kvifor ikkje ta han heilt ut og gjere skuledagen til ein fest?

Torsdag denne veka hadde elevane i 1. og 2. klasse på Hjørungavåg skule 100-dagarsfest i høve at dei har gått på skule 100 skuledagar dette skuleåret, 2018-2019.

Dei fekk god hjelp av fadrane sine i 6. og 7.klasse til å gjennomføre ulike aktivitetar, som alle hadde med talet 100 å gjere. Elevane hadde gleda seg stort til denne dagen, og har telt skuledagar sidan dag 1 dette skuleåret.

Aktivitetane involverte både samarbeid, rekning, lesing, bygging, teljing, teikning, og forming. «Premien» var kake – delt i 100 stykke – der elevane sjølve fekk ansvar for å finne den beste måten å dele opp kaka på.

Elles var det premiering langsmed, då elevane fekk ete eit sjølvlaga smykke av 100 «Cheerios», samt ete non-stop dei talde opp og laga frekvenstabell av. Mange glade born og vaksne gjer at denne dagen går inn som eit fint januar-minne. Stort var det også for 2. klasse å få lov til å vise rektor at dei kan telje til 100 – og ned att.

Vi trur at slike opplevingar – og det å jobbe annleis med fag, og med fleire fag samstundes – er positivt for elevane si læring og trivsel.