Lars skal vere kommunalsjef

Lars Johansen tek mellombels over stillinga som kommunalsjef for læring og kultur.

portrett av Lars Johansen og Ragnhild Velsvik Berge - Klikk for stort bileteNy-konstituert kommunalsjef i sektor for læring og kultur, Lars Johansen, saman med kommunedirektør Ragnhild Velsvik Berge. Erlend Friestad

Denne sektoren har ansvar for skule, barnehage, kulturskule og ressurssenteret.

- Hareid kommune er ein fin og veldig spennande stad å jobbe. Ein av dei viktigaste oppgåvene mine er å prate opp og synleggjere alt det gode arbeidet som skjer blant barn i unge i kommunen. Dette arbeidet skal vi halde fram med, saman med dei utruleg dyktige tilsette i sektoren, slik at Hareid blir ein endå betre stad å bu og jobbe, seier Lars Johansen som vil vere konstituert kommunalsjef ut august. 

Lars sin opphavelege stilling i Hareid kommune, er skulefagleg ansvarleg. Den jobben starta han opp i desember i fjor. Då kom han frå jobben som rektor på Langevåg skule i Sula kommune. Han har tidlegare vore rektor Aure skule i Sykkylven og assisterande rektor ved Birkeland skule i Birkenes kommune på Sørlandet. I tillegg har han lang erfaring frå idretten, både som tilsett og som frivillig.

Lars kjem frå Arendal. Planen var å ta eitt år på Sunnmøre, men no har han blitt verande i 10 år.

- Det er totalpakken som har gjort at eg blei verande. Eg elskar å vere aktiv og trivst med nærleiken til naturen og folka rundt meg. Eg er veldig glad i idrett og har engasjert meg i handballen lokalt i mange år, både som tilsett og frivillig, seier Lars som er gift med Lena og har to bonusbarn.

Sektor for læring og kultur har lenge vore utan kommunalsjef på grunn av sjukefråvær. Det er alltid vanskeleg å få vikar inn i stillingar der sjukefråværet går frå månad til månad, og slik har det vore også i dette tilfellet.   I starten av februar leverte tillitsvalde i sektoren eit varsel med ei bekymringsmelding til kommunedirektøren der dei uttrykte sterk uro for arbeidsmiljøet til mellomleiarane på grunn av fråværet av kommunalsjef.

Det blei då semje om at Lars skulle bli konstituert (mellombels sett inn) i stillinga som kommunalsjef ut august. Det var ei løysing som dei tillitsvalde stetta.

Kommunedirektør Ragnhild Velsvik Berge er glad for at Lars Johansen er motivert for oppgåva, og har tru på at dette vil vere ei god løysing for sektoren.

Kort tid etter konstitueringa blei det klart at Anne Lise Roald, som har vore kommunalsjef sidan hausten 2022, har sagt opp jobben sin.  Årsaka var at ho ønsker å prioritere familien. Kommunen går no inn i ei spennande tid med rekruttering av ny leiar.