Ledig fastlegestilling med moglegheit for spesialisering

Har du lyst til å blir fastlege i splitter nytt lokale med fantastisk utsikt?

Erlend Friestad  

Få nyheiter frå Hareid kommune rett i innboksen - trykk her!

Eit par gongar i månaden, og ved særlege hendingar, sender vi ut nyheitsbrev. Til no har vi om lag 600 abonnentar, i tillegg til alle tilsette.

I nyheitsbrevet får du mellom anna dei viktigaste nyheitssakene og påminningar om viktige fristar.

I Hareid kommune er det no to ledige legestillingar. Den eine er fastlegestilling på Hareid legesenter. Her er det seks legestillingar i tillegg til ei nyoppretta LIS1-stilling

Den ledige stillinga er ein kommunal og løna av Hareid kommune. Hareid kommune er medeigar i Hareid legesenter AS, og det er inngått avtalar med gode økonomiske vilkår. Pasientlista har eit listetak på 600, med opning for individuell tilpassing. Det er aktuelt med kommunale oppgåver, til døme stilling som kommuneoverlege eller sjukeheimslege.

Vi vil leggje til rette for spesialiseringa i allmenmedisin eller samfunnsmedisin, mellom anna med rettleiing av spesialist i allmennmedisin.

Løn og eventuelt alternativ til fastløn/privat næring eller i kombinasjon etter nærare avtale ved tilsetning. Vi tilbyr også rekrutteringstilskot på 5000 kroner per månad inntil 24 månadar, eller til spesialitet er godkjend/normert tid. 

Hareid legesenter held til i Hareid helsehus. Det er eit splitter nytt lokale sentralt plassert i Hareid sentrum. I huset er det helsestasjon, bibliotek, Nav og fylkestannlege. Det er gåavstand til hurtigbåtkaia (Ålesund 25 min) og til trafikkterminalen med bussamband til Ulsteinvik med meir.

Les meir om fastlegestillinga og søk her!

I tillegg har vi ledig stilling som kommuneoverlege. Du kan lese meir om den stillinga her.