Ledig stilling ved kommunalteknikk og VAR

Klikk for stort bileteProsjekt miljøgata Erlend Friestad  Har du lyst på ein spennande jobb?

Då er kanskje denne stillinga noko for deg:

Rådgjevar for kommunalteknikk og VAR - Ansvarsområdet til eininga er bredt og vi har ein svært variert arbeidskvardag. Eininga bygger ut og driftar infrastruktur, parkar, hamn og idrettsanlegg på Hareid. Eininga er ansvarleg for ei stor investeringsportefølje som skal sikre tettstadsutviklinga i Hareid kommune.