Ledige stillingar ved kommunal eigedom FDV

Klikk for stort bileteHareid rådhus Erlend Friestad, Hareid kommune  Hareid kommune treng deg! 

Her er fire ledige stillingar:

  • operativ reinhaldar - Trivest du med å leie menneske i praktisk arbeid, motivere tilsette og bygge gode system? Brenn du for å yte service utanom det vanlege? Då kan du vere den vi leitar etter som vår nye operative reinhaldsleiar i eininga kommunal eigedom FDV.
  • driftskoordinator - Brenn du for å skape bygg som er gode å opphalde seg i? Trivest du med å vere bindeledd mellom drift og leiing og det å vere ein viktig bidragsyter for at eininga skal nå sine mål? Trivst du med å yte service litt utanom det vanlege? Ja, då kan du vere den vi leitar etter som vår nye driftskoordinator i eininga kommunal eigedom FDV.
  • utleigeansvarleg - Trivst du med samhandling mellom menneske og det å vere ein nøkkelperson for mange? Likar du å organisere og systematisere? Brenn du for god kunnskap om relevante lovverk i arbeidet, samstundes som du er opptatt av å skape godt samarbeidsklima? Då kan du vere vår nye utleigeansvarlege i eininga kommunal eigedom FDV.
  • driftsleiar - Vår nye driftsleiar ser det store biletet, utviklar og tek i bruk praktiske løysingar. Han/ho motiverer både seg sjølv og teamet til samarbeid, samhandling og til å ta i bruk ny kunnskap. Den rette kandidaten forstår eininga sine strategiar og prioriteringar, og er flink til å tilpasse åtferd raskt og effektivt for å nå vedtekne mål.