Ledige vaksinetimar 5. januar – ope for alle

Timane er ledige for alle som kan ta koronavaksine – anten det er 1., 2. eller 3. dose.

Pexels  

Les korleis du bestiller time nedst i saka.

  • Har du ikkje tatt 1. dose? Det er framleis ikkje for seint. Vaksinen gir god beskyttelse mot alvorleg sjukdom av covid-19. Den er også med å bremse smitte. Vi oppmodar alle som kan om å ta vaksinen.
  • Har du ikkje tatt 2. dose? Du vil først bli rekna som fullvaksinert når du har fått to dosar. Har du tidlegare takka nei/ ikkje møtt til time, er det ikkje for seint å ta 2. dose no.
  • Har det gått minst 20 veker sidan 2. dose, kan du få 3. dose (oppfriskingsdose). Det har vist seg at verknaden av vaksinen blir svekka over tid. Med 3. dose i kroppen er du godt beskytta gjennom vinteren og våre.

 

Spørsmål om koronavaksineringa i Hareid? Sjå vaksineportalen vår.

Slik bestiller du:

Har du tidlegare takka nei, avbestilt eller ikkje møtt til avtalt time, må du ringe helsestasjonen på 46834785. Ved stor pågang kan det vere du ikkje får svar, men send då ei tekstmelding, så blir du ringt opp igjen.

Har du fått tekstmelding frå c19.no (også for lenge sidan), men ikkje logga deg på c19.no/svara – kan du gå inn på nettsida no og bestille sjølv.

Dersom nokon av dykk IKKJE har fått tekstmelding frå C19, og det har gått 20 veker sidan dose 2 – ta kontakt med helsestasjonen på 46834785.