Legesenteret og koronapandemien

 

Telefonnummer til legesenter er 70 30 70 70.

Telefonen er open frå 08-15 alle kvardagar bortsett frå pause kl 1100-1230.

Ring legevakt  på telefon 116 117 om du har behov for legehjelp utanom opningstida.

Inngangsdørene til begge avdelingane er låste. Pasienter må vente i bilen og blir sloppe inn etter tur (kjem de til fots/taxi, må de gi beskjed om det når de kjem).

Årsaka er at vi ikkje vil risikere at personar med potensiell koronasmitte uforvarande kjem inn på legesenteret. Då må legekontoret stengast for desinfisering. Dette har allereie skjedd ein gong på nattlegevakten på Myrvåg.

 

Testing av covid-19

Alle som mistenker at dei har covid-19, skal få teste seg. Det betyr at viss du har symptom på luftvegssjukdom eller har vore i samanhengar der det har vore påvist smitte, må du ta kontakt med legesenteret.

Hareid kommune har god testkapasitet. 

Vi tilbyr test til faste tidspunkt alle kvardagar.

Testing må avtalast på førehand.

  • Måndag: kl 1045-1345
  • Tysdag: kl 1045-1245
  • Onsdag: kl 1045-1345
  • Torsdag: kl 1045-1245
  • Fredag: kl 1045-1345

Testing i helgane er etter nærare avtale med legevakt. Dei når du på telefon 116 117.

Alle pasientar må ha avtale før dei kjem.

 

Ordinær legetime

Telefonnummer til legesenter er 70 30 70 70.

Skal du til avtalt time for noko anna enn infeksjonssjukdom, men er forkjøla/feber/har andre symptom på luftvegsinfeksjon må du ringe legekontoret på førehand og gi beskjed. Dei vil då vurdere kva som skal skje vidare.

Enkelte pasientar som skal til ordinære timar vil bli bedt om å ha timen over video/telefon. Dei det gjeld vil få beskjed. Grunnen er at vi ønsker å minske smittepresset på både pasientar og legesenteret.

 

Legevakt

Etter ordinær opningstid er det legevakt i Ulstein/Hareid eller Myrvåg (natt) som må kontaktast. Legevakt (telefon 116 117) skal berre nyttast til konsultasjonar som ikkje kan vente til dagtid når legekontoret er ope. Alle som skal til legevakt må ha avtale på førehand. Gi tydeleg beskjed dersom du har symptom på luftvegsinfeksjon/feber. 

Ikkje ring legekontor, legevakt eller 113 viss du har generelle spørsmål om koronaviruset. Folkehelseinstituttet har oppretta ei eiga telefonlinje til dette: 815 55 015.

Nattlegevakten vil frå no vere stasjonert ved Myrvåg legevakt i tidsrommet kl 22-08. Dette med bakgrunn i den pågående pandemi-situasjon og et ønske om å minske smitte-presset mot sjukehuset i Volda