Erlend Friestad
Det er Hareid sokneråd har bestemt å sende framlegget om nye gravplassvedtekter for Hareid kyrkjegard ut på høyring.
Kvifor kjem det nye vedtekter?
Dagens vedtekter vart godkjende i år 2000. No blir dei oppdaterte for å samsvare med gjeldande lovverk og praksis. Forskrifta byggjer på gravplasslova og gravplassforskrifta.
Det viktigaste i forslaget er presiseringar om bruk av dei ulike felta, utifrå grunnforhold og verneområder, når det kan skje arbeid på kyrkjegarden, og korleis ferdsel skal skje. Rammer knytt til storleik, plassering og ansvar av gravminner (gravstein) og stell av gravene er også blitt tydelegare.
Kommunen sitt ansvar
Det er soknet som er gravplassmynde og driftar gravplassen, men kommunen har ansvar for mellom anna:
- å dekkje utgifter til anlegg, drift og forvaltning av gravplassar,
- å fastsetje avgifter for bruk av gravkapell, minnelund, urnevegg, kremasjon og feste av grav,
- å sørgje for tilstrekkeleg areal til gravplass og regulere dette i samarbeid med gravplassmyndigheita.
Høyringsfrist og møte
Framlegget til forskrift er ute på høyring med frist 2. februar 2026.
Det blir halde informasjons- og avklaringsmøte tysdag 27. januar kl. 18.30–20.00 i Hareid kyrkjelydshus.
Slik gir du innspel
Alle kan kome med høyringssvar. Send innspel til kyrkjeverja@hareid.kommune.no innan 2. februar 2026.
Les heile framlegget til nye gravplassvedtekter her. (PDF, 285 kB)
På Hareid sokn si nettside kan du lese meir.