Lesefeber på Hareid

Siste to vekene har det strøyma på med ekstra mange leseglade born til biblioteket. Det betyr at Sommarles er i gong! Klarar vi å slå rekorden frå i fjor?

Klikk for stort bileteBorna som er med på Sommarles kan få armband frå biblioteket som som syner at dei er med på kampanjen.

Alle born, frå dei som skal byrje på skulen i haust, til dei som går ut av 7. klasse i år, kan vere med. 

Å vere med på Sommarles betyr at ein fyrst registrerar barnet som deltakar inne på sommarles.no. Når borna så les bøker sjølve, vert lese for eller høyrer lydbøker, så skriv ein inn titlane barnet har lese på Sommarles.no

På sommarlessida går borna opp i poeng og nivå etter kvart som dei les, dei ser kva andre les, kva bøker som er mest populære å lese, samt mykje meir.

Denne nasjonale lesekampanjen, som varar frå 1. juni til 31. august, gir lesemotivasjon og er eit viktig bidrag til at så mange born les gjennom sommaren.

Hugs at ved å lese for borna og ved å gi dei god tilgang til bøker, så hjelper vi dei godt på veg til å verte gode lesarar.

NB! I fjor vart det satt ny rekord i Hareid kommune med 276 deltakarar. Klarar vi fleire i år? Vi har så langt kome opp i 191 deltakarar.  Vi ligg dermed på 3. plass i fylket, etter Smøla og Volda.

Her er det berre å melde seg på og lese i veg. Ta kontakt med biblioteket  på mrbiblioteket.no/hareid dersom du lurar på noko.