Linn Urke er vår nye digitaliseringsansvarlege

- Eg gler meg til å ta fatt på nye oppgåver i kommunen, seier ho.

Portrett av Linn Urke - Klikk for stort bilete Privat

Linn kjem frå jobben som lærar på Hareid skule. Ho har jobba i Hareid kommune i 15 år som kontaktlærar både på mellomtrinn og småtrinn, både  på Hareid skule og Hjørungavåg skule. På sistnemnde vikarierte ho også som rektor i eitt år.

Ho har vore med frå starten på digitaliseringa i skulen og har hatt IKT-ansvar i mange år. Medan ho har jobba har ho også teke vidareutdanning i digital kompetanse og som mentor.

På fritida er ho sterkt engasjert i turngruppa i Hareid idrettslag. Her har ho vore trenar i mange år og ein sterk pådrivar for at turngruppa no har ein splitter ny turnhall å trene i.

Linn blir verande på Hareid skule ut skuleåret.