Litt uggen? Litt tett i pappen eller sår i halsen?

Ikkje vits å halde seg heime, tenker du. I ikkje noko å bry legen med. Det er i alle fall ikkje korona, tenker du. Test deg, seier vi. Les artikkelen for å skjøne kvifor.

Klikk for stort bilete Pexels.com/Andrea Piacquadio   

 


Til vanleg ville du nok hadde rett, men no er ikkje ting «som vanleg» - sjølv om vi her i Hareid kommune har det vanlegare enn mange andre. Her skal du få høyre kvifor.

Rett over påske går ein person med litt sår hals på jobb i ei av dei større verksemdene i Hareid kommune. Den neste veka møter han fleire kollegaar. Problemet er berre det at den såre halsen ikkje er «vanleg» sår hals. Det er covid-19. Han endar dermed opp med å smitte desse kollegaane.

Desse blir heller ikkje særleg sjuke. Det er ikkje så farleg med testing, eller det å halde seg heime for desse heller. Smitten blir derfor tatt med vidare ut i kommunen. Til familie, vener og andre dei møter på vegen.

Til slutt er det nokre innbyggar som gjer som dei skal når dei får symptom på luftvegsinfeksjon: Dei testar seg.

Testane er positive.

Fyrst to, så seks, så tjue. 800 personar blir testa på få dagar. Til saman får over 50 personar påvist smitte. Det er 1 prosent av befolkninga til Hareid kommune. På éi veke.

Når det blir oppdaga smitte i kommunen, startar smittesporarane med å leite etter nærkontaktar. Her får dei ein svært utfordrande jobb då fleire av dei smitta har treft mange personar medan dei har symptom. Treffpunkta går på kryss og tvers i kommunen.

Sporingsarbeidet avdekkar over 400 nærkontaktar. Desse blir sett i karantene og må sitje heime i minst åtte dagar.

I tillegg kjem personar i nærmiljøet – dei litt meir perifere. Dei blir sett i ventekarantene – som også er obligatorisk.

Til saman hamnar 1000 personar, ja tusen – ein femdel av alle innbyggarane, i karantene eller ventekarantene. Desse kan ikkje gå på jobb, skule eller treffe andre menneske.

Alle krinsane i kommunen er råka. Kriseleiinga må stengje skular og barnehagar. Næringslivet må også stenge verksemder då dei ikkje har folk til å gjere jobben.

Helsepersonellet som har smittespora og testa, har strekt strikken til det ytste. Dei er utslitte.

 

Kunne dette skjedd i Hareid kommune? Det enkle, tvillause og brutale svaret er «ja».

Dømet over er reelt. Det var akkurat dette som skjedde i ein annan kommune i Møre og Romsdal nettopp. Det einaste som er endra i dømet, er tala som er tilpassa Hareid kommune sitt folketal.

På same måte som Hareid kommune har denne kommunen vore skåna for smitteutbrot det siste året. Kanskje det har ført til at guarden er litt senka? Kanskje vi tenker at vi kjem til å sleppe unna? Kanskje vi ser litt mellom fingrane når det kjem til smittevernreglar og råd?

I dette dømet er det veldig tydeleg at det var brot på rådet om å halde seg heime og teste seg som førte til smitteeksplosjonen.

Derfor: Test deg om du har symptom på luftvegsinfeksjon – sjølv svake symptom er testgrunn.

I påska det ope for testing på Hareid legesenter onsdag klokka 09-1030. Resten av veka og andre påskedag er det legevakta som testar. Ring 116 117 for å avtale test.