Lokalt karantenevedak er oppheva

Formannskapet i Hareid kommune var samrøystes i å oppheve karantenen for tilreisande utanfor Møre og Romsdal. Dei oppfordrar likevel innbyggarar og tilreisande om å ta alle forholdsreglar for å unngå smittespreiing.

Klikk for stort bilete 

I det skriftlege kommunestyremøte i fredag 27. mars delegerte kommunestyret mynde til formannskapet å fatte vedtak etter smittevernlova.

I det ekstraordinære formannskapsmøtet i etterkant fatta formanskapet følgande vedtak:

"Formannskapet opphevar med dette vedtaket tidlegare karantenevedtak med verknad frå dags dato.

Det er likevel ei klar oppmoding frå Hareid kommune at alle som oppheld seg i kommunen vår tek alle mulige forholdsreglar for å redusere risikoen for smittespreiing, særlig dersom det er fare for at ein har vore i områder med mykje smitte eller i kontakt med folk som kan vere smitta. Vidare oppmodar vi innbyggarane til å reise minst mogleg og samstundes formidle dette til slektningar og vener som kanskje hadde tenkt å kome hit i samband med påska."