LØYST: Problem med vassforsyninga

Alle abonnentar vil miste trykk, medan enkelte vil miste vatnet heilt.  

Klikk for stort bilete pexels.com OPPDATERT kl 1600, 8. september:

Problemet er fiksa. Alle abonnentar skal ha fått vatnet tilbake. Enkelte kan likevel oppleve litt dårleg trykk utover kvelden. 

***

Ei sluse har blitt øydelagt på vassbehandlingsanlegget på Nesset. Medan den blir reparert må anlegget stengast ned. Det er vatn i høgdebassenga, men trykket i leidningsnettet blir sterkt redusert når vassbehandlingsanlegget er stengt.

Det betyr at alle abonnentar vil miste ein del trykk. Dei som bur øvst i byggefelta og enkelte andre områder vil oppleve å miste vatnet heilt.

Vi arbeider på spreng med å løyse problemet.

Saka vil bli oppdatert.