Lurer på kvar du kan stikke ut i år?

Er du klar for store og små turar, nye koder, fin trim og flotte opplevingar? Har du din faste tur, eller vil du kanskje prøve årets nye tur?

Ryggen til to turgåarar som nyt utsikta frå Litletua. Det er sommar. - Klikk for stort bilete Dagny Vartdal

I fjor var det 657 registrerte brukarar frå Hareid kommune, og desse gjekk totalt 9916 turar! Det er eit snitt på 15 turar per person.  Ein veldig god start, men målet er å toppe det i år! På stikkut.no kan du lese meir om turane og korleis du registrerer deg! Last gjerne ned Stikk ut-appen.

I løpet av neste veke får alle husstandar i kommunen Stikk Ut-kart i postkassa.

Hareid kommune rettar ein stor takk til dei frivillige som er med å merke turmåla i desse dagane! Vi set stor pris på velviljen og innsatsen!

Hugs at sommarsesongen opnar 1. mai, og at det ikkje vil vere mogleg å registrere turar før dette.

Vi har eitt nytt turmål i år:  Litletua, med startstad ved Holesanden.  (Vanskegrad blå, middels)

LES OGSÅ: Kva med å skåre poeng både på Stikk UT og sykle til jobben-kampanjen samstundes?

I tillegg er alle turane frå i fjor med:

Grøn – enkel:

LES OGSÅ: Draumepåske for Stikk UT vinter- rekord for ski

Blå – middels:

 

Raud – krevjande:

God tur!