Lurer på kvar du kan stikke ut?No er dei ti første Stikk UT-turane i Hareid klare. Erlend Friestad Hareid kommune blei medlem i Sunnmøre Friluftsråd frå 1. januar. Det betyr mellom anna at vi får Stikk Ut-turar i vår kommune også. Denne veka blei det offentleg kva turar som er tilgjengelege i sommarsesongen 2022. Turane er: Grøn – enkel: Alskleiva frå Holesanden Gamleåsen frå Hjørungavåg Håbakknotten Kvitneset Blå – middels: Melshornet frå Ulset Holstadhornet frå sentrum Skafjellet Mosvarden frå Rise Raud – krevjande: Skolma, Signalhornet og Sneldelia – rundtur Kongsvollen via Bukketrappene På stikkut.no kan du lese meir om turane og korleis du registrerer dei. Sommarsesongen opnar 1. mai, og det vil ikkje vere mogleg å registrere turar før dette. Publisert av Erlend Friestad Sist endra 04.05.2022 09:54