Lyst å vere meddommar?

Hareid kommune er no i gang med arbeidet med å velje nye meddommarar. Vi ser etter interesserte og interessante personar.

Klikk for stort bileteRettssal i Sunnmøre tingrett i Ålesund. Sunnmøre tingrett (med løyve)   

Meddommarar har ei viktig rolle i rettssystemet vårt. Dei har same ansvar og mynde som domstolen sin fagdommar i dei enkelte saker. Det er ikkje krav til fagleg bakgrunn då den tiltalte skal dømast av «likemenn».  Er du meddommar må du rekne med å møte i 1-3 saker per år. Du vil bli vald for fire år (01.01.2021 – 31.12.2025).

Vi treng tilbakemelding innan 15. februar om du ynskjer å stille.

Kontakt oss på postmottak@hareid.kommune.no

Tips også aktuelle kandidatar eller tips oss om dei.

Meir informasjon finn du her.

Vil du ha nyheiter frå Hareid kommune rett i innboksen? Meld deg på nyheitsbrev her.