Må endre superpopulært tilbod på ungdomsklubben

Onsdagsklubben med 4.- 7.-klassingar har gått over all forventning. Vi kunne ikkje sjå for oss at responsen skulle bli så stor, og har gleda oss ilag med borna.

Det står fullt av syklar utanfor ungdomsklubben på onsdagane. Bente Andreassen Pilskog

Dessverre er lokalet er rett og slett ikkje dimensjonert for ei så stor gruppe, vi snakkar godt over hundre born.  

For å kunne sjå borna, kunne hjelpe dei og for å hindre veldig lange ventetid på spel, er vi nøydde å endre litt på tilbodet:

I oddetalsveket får 4.- og 5.-klassingane tilbod om å kome til ungdomsklubben og i partalsveker vert det 6.- og 7.-klassingane sin tur. Vi håpar at dette skal bidra til eit betre tilbod til borna og gjere det meir oversiktleg for dei vaksne.

LES OGSÅ: Her får du alltid oppdaterte opningstider og program for ungdomsklubben.

Samstundes treng vi vaksne ilag med oss desse to timane (klokka 12-14), så om du har moglegheit til å kunne være ilag med oss, vil gjerne ungdomsarbeidar Renate Seljeseth Bøe høyre frå deg.