Må vi verkeleg avbestille vaksinedosar?

Ja, dessverre. Slik det er no, er det altfor få som takkar ja til vaksine. Vi har rett og slett nok med dei dosane vi allereie har fått. Men framleis er det mange som ikkje er vaksinert, eller har takka ja til time.

Klikk for stort bilete Pexels/Nataliya Vaitkevich  

Få nyheiter frå Hareid kommune rett i innboksen - trykk her!

Eit par gongar i månaden, og ved særlege hendingar, sender vi ut nyheitsbrev. Til no har vi om lag 600 abonnentar, i tillegg til alle tilsette.

I nyheitsbrevet får du mellom anna dei viktigaste nyheitssakene og påminningar om viktige fristar.

No har alle over 18 i Hareid kommune fått tilbod om å få koronavaksine. Til no har 2477 personar fått fyrste stikk det svarer til over 62 prosent av alle personar over 18 år.

I sommarvekene har helsestasjonen, som er ansvarleg for koronavaksineringa i Hareid kommune, merka at dei ikkje får svar frå dei som får tilbodet. Det pluss at fleire som har takka ja til vaksine, ikkje møter opp (eller kan møte opp) til timen, gjer at vi no må takke nei til ein vaksineleveranse i veke 32. Vi har rett og slett nok vaksinar framover.

Dei dosene vi no har sagt frå oss går vidare til andre kommunar der innbyggarane svarer på tilbodet.

Kunne vi ha spart opp dosane og satt ekstra mange veka etter? Nei, dessverre, i ferien har vi ikkje nok bemanning til å handtere fleire. Onsdag denne veka sette vi over 340 dosar.

 

Svar på meldinga

For at vi ikkje må seie frå oss dosar igjen, oppmodar vi alle om i det minste om å svare på tekstmeldinga de får frå c19.no. Her kan de også avbestille og legge inn om det ikkje passar før eit gitt tidspunkt. Då kan vi leggje av dosar til aktuell dato.

Dersom du av ulike grunnar ikkje kan ta vaksinen no, men ønsker å ta han på eit seinare tidspunkt (du er på sjøen, er gravid eller har andre medisinske grunnar), kan du gjere følgande:

  • Dersom det er mindre enn éin månad til du trur du kan ta vaksinen: Svar ja på tilbodet. Når du får oppgitt time går du inn igjen på c19.no og avbestiller timen. No kan du oppgi kva tid det heller passar å ta vaksinen.
  • Dersom det er meir enn éin månad til du trur du kan ta vaksinen: Takk nei til tilbodet. Når det er to veker igjen til du trur du kan ta vaksinen, kontakt helsestasjonen.

Har du tidlegare takka nei, eller ikkje svart på tilbod, og no ønsker å få vaksine, kan du kontakte helsestasjonen på helsestasjonen@hareid.kommune.no eller  468 34 785 måndag – fredag 9-15.

 

Venteliste?

Dersom du er i Hareid og kan stille på kort varsel på vaksinasjonsdag (som regel onsdagar), kan du setje deg på venteliste. Det gjeld berre for dei som ikkje har fått fyrste dose. Også dei som har fått time til fyrste dose, men ønsker å få han raskare, kan setje seg opp på liste. Onsdag denne veka fekk mange av dei som stod på ringeliste sitt fyrste stikk.

Kontakt helsestasjonen på om du ønsker å stå på liste på helsestasjonen@hareid.kommune.no eller  468 34 785 måndag – fredag 9-15.

Får ikkje kontakt

Alle som ikkje svarer på den opphavelege bestillingsmeldinga, får ny tekstmelding nokre dagar etterpå. Helsestasjonen har også ringt opp enkeltpersonar for å få kontakt. Per no manglar vi svar frå over 300 personar. Vi finn desse hovudsakleg blant dei som er yngre enn 65 år.

Det er også 400 personar som har takka nei til vaksine. (Blant dei er også personar som ikkje kan/skal ta vaksine, til dømes gravide og personar med særskilde sjukdomar.)

 

2.-dose?

Vi har per no ikkje lov å tilby 2.-dosar utanom dei fastlagte tidsintervalla, sjølv om vi gjerne skulle. Mellomrommet mellom 1. og 2. dose er sentralt bestemt. For tida er det intervallet 12 veker.