Måndag startar elevane på småskulen

Vi er glade for å opne skulane, sjølv om ikkje alt blir som vanleg.

Klikk for stort bilete1.-4. klasse og SFO opnar måndag 27. april.   

Information in different languages

No er det snart oppstart for 1.-4. trinn  i Hareid kommune, og vi er glade for at vi kan opne skulane igjen. Alt blir dessverre ikkje heilt som vanleg, men elevane skal få kome tilbake og vere saman med andre elevar, møte dei vaksne, ha mykje uteskule, høyre til i faste grupper  og så smått starte på å normalisere ein kvardag.

Mange har nok fulgt med i media korleis det blir anbefalt at vi organiserer skuledagane framover. Under har vi samanfatta det som står i  rettleiarane på Utdanningsdirektoratet sine nettsider, og som er viktig for heimane å vere orienterte om: 

Heile smitteretteiaren kan du lese her: Smitterettleiar for barneskulen


Skule (1.-4. klasse):

  • Elevane blir oppdelt i grupper (kohort) med fast vaksen/vaksne. Ca 15 elevar i ei gruppe
  • To faste kohortgrupper samarbeidar for praktisk gjennomføring av skuledagen. Gruppa skal vere fast gjennom veka, men ein kan gjere byte etter ei helg ved behov.
  • Skulearealet både inne og ute blir delt inn i soner slik at berre dei to samarbeidsgruppene er innanfor same inndelte sone. 
  • Det blir fast utstyr gjennom dagen/delar av dagen til gruppa. Utstyret blir vaska mellom gruppene/ på slutten av dagen
  • Elevane møter ved avtalt plass ute om morgonen. Dersom ein skal hente eleven skal dette også skje på avtalt plass ute. Ein må rekne med auke i utetid generelt. Kvar skule lagar individuelle avtalar med heimane om dette.
  • Alle elevane skal vaske hendene sine grundig heime før skuledagen startar og etter at skuledagen er slutt.
  • Elevane skal vere friske når dei møter på skulen. Dersom ein elev vert sjuk i løpet av skuledagen må heimen ha rutinar for korleis ein kan hente eleven snarast råd. Den som leverer barnet skal også vere frisk. Skulen har eigne rutinar dersom ein elev eller ein vaksen blir sjuk i løpet av skuledagen.
  • Elevane skal sitje med god avstand i klasserommet og må vaske pulten og stolen sin kvar dag. Personleg Ipad og bøker skal ein halde for seg sjølv og ingen andre skal ta på dei.
  • Private leiker må bli igjen heime.
  • Vi oppmodar om at elevane tek på nye reine klede kvar dag,- også personalet vil gjere det same.
  • Foreldra må snakke med elevane om at skuledagen ikkje er heilt slik som før. Mellom anna bør ein understreke overfor elevane at dei er i faste grupper, og at ein må halde seg til gruppa si.


SFO

  • Elevane i den faste skulegruppa er også i same faste gruppe på SFO.
  • Aktivitetar på SFO vil vere i den faste gruppa, med god avstand og med eige utstyr.


Handvaskrutinar

  1. På morgonen når eleven kjem
  2. Før måltidet og etter måltidet
  3. Etter uteaktivitet
  4. Etter nysing/hosting/tørk av nase etc
  5. Etter toalettbesøk
  6. Dersom hendene er skitne
  7. I alle overgangssituasjonar
  8. Dersom elevgruppa er på tur vaskar ein hendene med våtserviettar etterfulgt av sprit.

Hostehygiene

  • Tørkepapir lett tilgjengeleg
  • Hoste/nyse i armkroken dersom ein ikkje har tørkepapir
  • Ha hendene minst mogeleg i ansiktet og i augene


Vi oppmodar heimane om å sjå desse videoane saman med eleven og samtale om innhaldet: 

Skulen har ei avgjerande rolle for barn si læring, omsorg og utvikling. Det er viktig at elevane kan gå på skulen også i denne perioden, samtidig som smittevernet blir ivaretatt. Skulane skal jobbe etter fastsett smittvernsrettleiar. Det meste handlar om å skape gode rutinar og forventningar. Samarbeidar vi godt får vi til gode skuledagar. Ta kontakt med rektor eller kontaktlærarar  i Tieto app, mail eller telefon, dersom noko er uklart. Vi gler oss til å sjå elevane igjen, og til at det igjen blir liv å røre i klasserom og på skuleplassen.