Mange hjort i Hareid kommune

Tala frå hjorteellinga er klare. Totalt blei det talt 463 hjort i Hareid kommune dei to telledagane. Det er eit av dei høgste tale dei siste åra.

Klikk for stort bileteFoto: Ixitixel/Wikimedia commons

Det har vore vårteljing av hjort i alle dei sju kommunane på ytre Søre Sunnmøre, melder landbrukskontoret for Herøy, Ulstein og Hareid.

Det var teljing 13. april og 4. mai. På fyrste teljinga var det særs god forhold og mykje hjort på markane.

På andre teljinga låg det godt med snø over alle marker og det var merkbart mindre hjort å sjå.

Totalt blei det talt 7503 hjort.