Manglar fosterheimar – bli med på digitalt, uforpliktande møte
Bufetat melder om stor mangel på fosterheimar i heile landet, inkludert Sunnmøre og våre kommunar.
PExels.com
For å møte dette behovet, arrangerer Bufetat (Barne-, ungdoms- og familieetaten) jamlege digitale informasjonsmøte. Desse møta gir kortfatta og uforpliktande informasjon om behovet for fosterheimar og kva som krevst av dei som vurderer å bli fosterheim.
Neste informasjonsmøte blir halde måndag 13. januar kl.okka 18.00. Vi oppmodar alle som har eit hjarte for barn og ønskjer å gjere ein forskjell, til å delta. Dette er eit uforpliktande møte som gir deg all informasjonen du treng for å vurdere om dette kan vere noko for deg.
Publisert 10.01.2025 14:12
Sist endra 10.01.2025 14:18