Marknadsdag på Hadartun 

17. oktober blir det kafé og sal av produkt frå lokale kunstnarar i vinterhagen.

Klikk for stort bilete pexels.com/Sara Santos   

Kom til Hadartun den 17. oktober mellom klokka 12-17. Då skal vi ha marknadsdag med sal av produkt frå lokale produsentar. Du kan få kjøpe mellom anna strikk, broderi, tova ting, konglekransar, bakverk og småkaker.
Det blir kafé med sal av kaffi, kaker og svele.
Klokka 17 blir det konsert med Odd Goksøyr og Ronald Øvrelid.