Meir enn 1 av 4 hareidsdølingar har no fått fyrste dose av covid-19-vaksinen!

Klikk for stort bilete 

Det svarer til 1359 personar.

Få nyheiter frå Hareid kommune rett i innboksen - trykk her!

Eit par gongar i månaden, og ved særlege hendingar, sender vi ut nyheitsbrev. Til no har vi om lag 600 abonnentar, i tillegg til alle tilsette.

I nyheitsbrevet får du mellom anna dei viktigaste nyheitssakene og påminningar om viktige fristar.

Dette talet kjem til å stige raskare framover. Det er to grunnar til det.

  1. Vi får fleire og fleire dosar
  2. No auker intervallet mellom dose 1 og 2. Det betyr at vi snart i ein periode framover berre skal gi 1.-dosar. Helsestyresmaktene har vurdert det dit at effekten av dose 1 er sopass god, at det vil vere meir å tene på å gi mange dose 1 raskare i staden for å fullvaksinere med to dosar.

Les meir og hald deg oppdatert på vaksinestatusen i kommunen på vaksinesida vår.

475 av hareidsdølingar har fått to vaksinedosar og er fullvaksinerte.