Meir pengar til parken i sentrum?

I morgon skal kommunestyret skal ta stilling til om kommunen skal ta opp meir lån til å fullfinansiere parken i sentrum.
Klikk for stort bilete  

Ei oppgradering av Parken i Hareid har vore etterlengta og etterspurd i ei årrekke i lokalmiljøet. I dei seinare åra har kommunen arbeidd for å realisere dette ønsket.

Prosjektet «Parken i Åsendalen» har såleis vore under utvikling i fleire år.  Det har heile tida vore tenkt at dette prosjektet skal bli ei forlenging av og knytt til Miljøgata i Kjøpmannsgata.  Miljøgata er nær ferdigstillingI skrivande stund er sistnemnte prosjekt nær ferdigstilling og det er tvillaust gata vil gi eit estetisk og funksjonelt løft til Hareid sentrum.

Totalprisen på parken vil ende på rundt 30 millionar kronar. Delar av dette vil bli dekt med moms-kompensasjon, kulturstønad og spelemidlar. Til no har kommunestyret løyva 10 millionar.

I budsjett- og handlingsprogram for perioden 2018 – 2021 går det fram at det skal løyvast midlar til dette prosjektet i heile fire-års perioden. Medan det ved ein feil berre vart lagt inn midlar til prosjektet i 2019.

Administrasjonen har arbeide med ein tidsplan som seier at delar av parken kan nyttast allereie til 17. mai-feiringa. For å få til dette er ein avhengig av at kommunestyret bevilgar ytterlegare 20 millionar og gir løyve til låneopptak.

Normalt skal ei budsjettsak og i alle fall ei budsjettsak av eit slikt omfang, følgje den ordinære budsjetthandsaminga til kommunestyret i desember.  Administrasjonen skriv at det kan godt hende den bør gjere, men at framdriftsplanen då må revurderast.

Administrasjonen legg også fram eit tredje alternativ til vedtak: At prosjektet blir avslutta. “På  den eine sida er parken eit lenge etterlengta tiltak som vil gi auka trivsel og bulyst, og på den andre sida er kommunen midt i ein omstillingsprosess der vi trass i store behov må kutte millionar på drifta. Her er store vedlikehaldsbehov som må settast på vent, og spørsmålet er om ein skal prioritere parken på bekostning av desse”, står det I saksframlegget.