Mindre grasklipping i år

På grunn av kutt i budsjettet har ikkje Hareid kommune ressursar til å klippe kommunalt gras so ofte som ønskeleg.

Klikk for stort bilete Pexcel.com/Mattias Cooper

Vi har fått fleire tilbakemeldingar frå innbyggarar om manglande grasklipping i sommar. På grunn av reduserte budsjetter, må vi dessverre melde at slik vil det vere ut året. Vi har rett og slett ikkje nok folk til å gjere jobben.

Vi ber om forståing for situasjonen.