Møt ordføraren på Bigsetmessa

Nyvald ordførar Bernt Brandal ønsker å bli betre kjend med innbyggarane i kommunen. Laurdag 9. november kan du møte han på Bigsetmessa til ein uformell prat.

Klikk for stort bileteOrdførar Bernt Brandal ønsker å bli betre kjende med kommunen og innbyggarane. Han kjem til Bigsetmessa for å slå av ein prat med dei som ønsker.

- Vi politikarar er avhengige av godt samspel med innbyggarane for å få til ei positiv utvikling i Hareid. Eg trur slike møte som dette vil gjere meg til ein betre ordførar, seier ordførar Bernt Brandal.

Klokka 11-13 vil han sitte klar for å slå av ein prat med den som måtte ønske. Tema som kan vere aktuelle er

  • forslag til korleis Hareid kommune kan bli ein endå betre kommune.
  • kva vil innbyggarane at politikarane skal prioritere?
  • er det felt eller saker som blir oversett av dei folkevalde?

Ordføraren ønsker at møtet med innbyggarane skal vere so uformelt som råd. Dermed er det ikkje køsystem eller agenda. Det gjer også at ein ikkje kan rekne med at ordføraren kan svare på alle spørsmål. Det er også viktig å hugse på at møta skjer i opent landskap og at ein då ikkje må ta opp saker som er av personleg karakter.

Målet er å ha slike ordførartreff ein gong i månaden. Biblioteket vil vere «basen», men innimellom vil han vere meir oppsøkande, slik som på Bigsetmessa.

- Det er ei viktig oppgåve for meg som ordførar å medverke til at vi får eit lag av politikarar, kommuneadministrasjon og innbyggarar som dreg i same positive retning. God dialog med innbyggarane er vesentleg for å nå det målet, seier Brandal.