Møte i levekårsutvalet 27. februar avlyst

Møtet er avlyst grunna få saker på sakskartet.

Berre to politiske saker var meldt opp til møtet i tillegg til referatsakene.

Dei to politiske sakene er

  • Skjenkeløyve for Coop Extra: Sidan Coop har fått nye eigarar må dei søkje på nytt. Rådmannen har innstilt på at butikken framleis skal ha løyve.
  • Høyringsuttale om ny forskrift for eldreråd, råd for personar med nedsett funksjonsevne og ungdomsråd: Saka har vore oppe i ungdomsrådet, eldrerådet og råd for menneske med nedsett funksjonsevne. Administrasjonen har landa på at Hareid kommune sender høyringsuttale utan merknad. Les meir om høyringa her.  Alle, også privatpersonar, kan sende inn høyringssvar.

Sakene vil bli handsama i formannskap og kommunestyret 4. og 14. mars.