Nær sluttføring av miljøgata

Denne veka (44)  kjem asfalten på nesten heile gata og det eine fortauet.

Klikk for stort bileteVeke 44 og 45 vil det etter planen bli lagt asfalt i Kjøpmannsgata. 15. november er forhåpentlegvis prosjektet i mål.  

Veka etter (veke 45) kjem asfalten på dei siste metrane (nærast parken) og det andre fortauet.

Etter dette gjenstår det noko monteringsarbeid i aktivitetsparken og sluttføringa av gata mot loket. Kommunen må mellom anna vente på at Mørenett skal rive trafostasjonen og setje opp ny.

Vi tar sikte på å vere heilt ferdige med prosjektet 15. november. Noko av arbeidet er svært veravhengig, til dømes legging av gummi på leikeareal, og kan måtte utsettast.

Det vil vere naudsynt å halde gata stengt for bilar i samband med asfalteringa. Meir informasjon kjem fortløpande. Asfalteringa er med atterhald om at asfaltleggarane ikkje støyter på problem.

Sjå video frå arbeidet i Miljøgata:

Miljøgata er kraftig forsinka samanlikna med dei opphavelege planane. Det er beklageleg, både for bebuarane, men ikkje minst for butikkane i gata. Årsaka til forseinkinga er samansett. Mellom anna ligg alle husa i gata på forskjellige høgder. Det har gjort at det har vore naudsynt med tilpassingar ved kvart hus. Anleggsarbeidarane har også støtt på private kablar i grunnen som ein har brukt tid på å finne gode løysingar på.

I utgangspunktet såg vi føre oss at gata kom til å vere stengd under mesteparten av prosjektet, men vi har i samarbeid med entreprenør, og etter ønske frå butikkar og bebuarane, klart å halde gata opa mesteparten av prosjektet. Det har nok påverka framdrifta meir enn vi såg føre oss.

Hareid kommune håpar at den nye gata vil tilføre Hareid sentrum mykje nytt, at innbyggarane vil nytte sentrum på ein ny måte og at butikkane som held til i Kjøpmannsgata vil få ein meirverdi.