Nærmar seg normal drift i skule og barnehage

Foreldre og føresette får detaljert informasjon frå skule/SFO og barnehage.

Klikk for stort bileteSyverplassen barnehage.  

Det er utarbeida ein "trafikklys-ordning" basert på smittesituasjonen i kommunen. Kvar farge har eigne retningslinjer for korleis ein legg opp skule- og barnehagedagane.

Denne veka har vi gått frå raudt til gult, noko som gjer at vi kan opne endå meir opp.

Foreldre og føresette får detaljert informasjon frå skule/SFO og barnehage. Her er kortversjonen:

Barnehage:

Frå tysdag 2. juni vil dei kommunale barnehagane i Hareid kommune ha vanleg opningstid. Med god tilrettelegging vil dette vere mogleg innafor forventningane i smittevernrettleiaren for barnehage. Kvar avdeling vil no vere ei gruppe (kohort).

Barneskule/SFO:

Barneskulane er tilbake frå neste veke med normal drift, men med same start- og sluttidpunkt som dei har hatt siste tida.
SFO vil fortsetje som tidlegare også i veke 23, men vil truleg vere tilbake til normal drift frå veka etter.

Ungdomsskulen:

8. og 9. klasse vil frå 3. juni gå kvar dag på skule jamfør skuleruta. 10. klasse vil frå 2. juni ha aktivitetsdagar klassevis, og mellomarbeid gjennom fjernundervisning fram til siste skuledag. Avviket for 10. steget er grunngjeve i smitteverntiltak for skuleskyss der ein no køyrer med om lag 50 prosent kapasitet. 

Ressurssenteret:

Ressurssenteret vil ha tilnærma normal drift frå neste veke.