Nærmar seg slutten på Røyset-arbeidet

No blir Røysetvegen stengt i ein kort periode og i veke 24 startar asfalteringa på delar av vegen.

Klikk for stort bilete

Det har vore arbeidd kontinuerleg på Røysetvegen i heile vinter. No nærmar arbeidet seg slutten.

Morgonen tysdag 21. mai blir Røysetvegen stengd mellom nummer 284-290. Då skal det gravast grøft utover dalen i om lag 450 meter (mot Bjåstad). Det vil bli skilta ved innkøyrsla til Røysetvegen kvar vegen er stengd til ein kvar tid. Bebuarar vil få melding når dei må endre omkøyringsveg.

Allereie torsdag 16. mai startar arbeidet med å fjerne asfalt der grøfta skal gå. Vegen blir ikkje stengd då, men ein må rekne med at det kan bli litt venting medan dette arbeidet pågår.

Det er usikkert kor lang tid det vil ta å grave ferdig grøfta. Det kjem mellom anna an på grunnforholda. Er det mykje fjell, vil det ta lengre tid.

Kaldholbrua vil bli opna for trafikk ein gong i veke 23 (fyrste heile veka i juni). Då vil ein sleppe å køyre rundt Kvitholvegen.

Veka etter (24) vil det blir lagt asfalt frå Bjåstad og innover. Entreprenør vil då asfaltere so langt som eit båtlass rekk.