Neste veke er det dei under 65 sin tur til å få vaksine

Vi er snart ferdig med alle i risikogruppene, dermed er det dei under 65 sin tur.

Klikk for stort bilete 

Få nyheiter frå Hareid kommune rett i innboksen - trykk her!

Eit par gongar i månaden, og ved særlege hendingar, sender vi ut nyheitsbrev. Til no har vi om lag 600 abonnentar, i tillegg til alle tilsette.

I nyheitsbrevet får du mellom anna dei viktigaste nyheitssakene og påminningar om viktige fristar.

Vi startar med dei eldste og går nedover i årsklassene.

Når det nærmar seg din tur, vil du få ein tekstmelding frå kommunen. Då går du inn på c19.no for å booke time. Du bør også ha fylt ut dette eigenmeldingsskjemaet før du kjem til time.

Skulle tidspunkt ikkje passe, misser du ikkje plassen i køa.

Meir informasjon finn du på vaksineportalen vår.

Dersom du høyrer til ei av risikogruppene eller er eldre enn 65 år, og ikkje har fått tilbod om vaksine, må du ta kontakt med helsestasjonen på 70 03 77 50.