Neste veke får vi nesten 900 vaksinedosar!

Det gjer at vi kjem eit stort skritt nærare å få fullvaksinert innbyggarane våre.

Pexels/Nataliya Vaitkevich  

Få nyheiter frå Hareid kommune rett i innboksen - trykk her!

Eit par gongar i månaden, og ved særlege hendingar, sender vi ut nyheitsbrev. Til no har vi om lag 600 abonnentar, i tillegg til alle tilsette.

I nyheitsbrevet får du mellom anna dei viktigaste nyheitssakene og påminningar om viktige fristar.

Til no har 3347 hareidsdølingar fått fyrste vaksinedose. Det svarer til 82,9 prosent av alle over 18 år. 2196 av desse har igjen fått andredosen og er fullvaksinert. Det svarer til 47,7 prosent av alle over 18 år. (tal frå 20. august)

Nytt no er at dei fleste dosane i denne leveransen er av typen Spikevax (Moderna). Erfaringar frå andre kommunar, viser at enkelte innbyggarar er skeptiske til denne vaksinetypen.

Det er det ingen grunn til. Folkehelseinstituttet reknar Comirnaty (Pfizer) og Spikevax som jamnstilte. Dei er bygd på same tenkologi og fungerer derfor på same måte (Les meir her). Det har faktisk kome tal nyleg som tyder på at Spikevax vernar betre mot deltavarianten enn Comirnaty. Sidan vaksinetypene er jamnstilte vil dei også kunne kombinerast.

Her i Hareid vil svært mange få tilbod om Spikevax som dose to. Også her finns det data som kan tyde på at ein kombinasjon av dei to vaksinene gir betre beskyttelse.

Les meir om Spikevax(Moderna)-vaksinen her.

Det vil ikkje bli mogleg å ønske seg ein særskild vaksinetype og vi veit ikkje kva vaksinetyper vi mottek fram i tid.  Dei to typene, Comirnaty og Spikewax, er rekna som jamnstilde. I veke 35 og 36 er det Moderna vaksinen vi tilbyr.