No blir meldingsboka og fråversmeldingane digitale i skule og barnehage

Frå og med dette skuleåret vil skulane og barnehagane ta i bruk ein app for å kommunisere med foreldara.

Klikk for stort bileteSlik ser ikonet til den nye appen Tieto Edu ut.

Skuleåret 2018/2019 tok skulane i Hareid, Herøy, Sande, Ulstein, Vanylven og Volda i bruk eit nytt administrativ system – Tieto Education. Systemet gir oversikt over elevane, deira fag- og klassetilknyting og kontaktinformasjon til føresette. I tillegg nyttar lærarane løysinga til å føre fråvær og vurderingar på elevane. 

No vert det lansert ein mobilapp for føresette som skal erstatte meldeboka. Appen gir dei føresette tilgang til timeplanen til sin/sine elevar, samt moglegheit til å melde kortidsfråvær og kommunisere med skulane. 

Også barnehagane vil ta i bruk appen. Føresette som har barn i barnehage, vil sjå at ein har fleire av same funksjonalitetane som nemnd i avsnittet om skulane. I løpet av kort tid vil ein kunne melde fråvær og kommunisere med barnehagen på same måte.

Av omsyn til personvernet, må ein logge på appen ved hjelp av eID (MinID, bankID eller tilsvarande). Dette vil dermed vere ein tryggare kommunikasjonskanal enn til dømes e-post.

Appen heiter «Tieto Edu» og kan no lastast ned via AppStore eller GooglePlay. For dei som ikkje ønskjer eller har høve til å nytte ein app, vil det vere mogleg å logge på via ei nettside. 
Meir informasjon kjem frå skulane.