No er det 75+ sin tur til å få vaksine

Denne veka vil dei siste i aldersgruppa 85+ få tilbod om fyrste dose med koronavaksine.

Klikk for stort bilete Pexels.com/Nataliya Vaitkevich  

 

Frå neste veke vil vi derfor starte med å tilby aldersgruppa 75-84 år vaksine. Alle vil bli ringt til. Heimesjukepleia har gitt vaksine til deira brukarar denne veka i tillegg til 2.-dosen i gruppa 85 pluss.

Snart er alle som ønsker vaksine på sjukeheimen fullvaksinert med to dosar, det står berre nokre få pasientar igjen som skal få siste dose neste veke.

Dei komande vekene får vi rundt 50 dosar, men mange av disse er 2.-dosen til dei som allereie har fått éin dose.