No er digital innbyggardialog opna!

Dei som får heimehjelp eller matombering, eller dei som har fullmakt frå desse, kan nå kommunisere digitalt med dei tilsette.

Klikk for stort bileteDei tilsette i velferdssektoren har vore på kurs i systemet, og er veldig klar for å ta det i bruk. Evelyn Haram Larsen, SSIKT   

24.oktober vart digital innbyggardialog opna opp for Hareid sine innbyggarar med kommunale omsorgstenester.

Same dag var ressurspersonar frå alle kommunane på søre samla i Volda til opplæring i programvara. Løysinga er ein del av nasjonal satsing på digitale tenester og utrulling i fase 1.

For Hareid gjeld det då tenestemottakarar sjølve eller dei som har fullmakt for desse.  

Dei andre kommunane kjem i løpet av veke 44. Kommunane startar med «Praktisk bistand» (heimehjelp) og «matombering», og vil utvide til fleire heimetenester våren 2020. Informasjon om eksakt dato for aktivering av den enkelte kommune, vil bli kunngjort på kommunale heimesider.

LES OGSÅ: Ny, sikker kanal for å ha kontakt med helsetenestene

helsenorge.no finst det i dag mange tenester for innbyggarane (kjernejournal, byte av fastlege, vaksiner med meir). Nytt no er at innbyggarar som er aktive via helsenorge.no, kan sende og ta imot meldingar frå helse- og omsorgstenestene i eiga kommune, sjå avtaler om heimebesøk og avbestille besøk, samt få varsel om utførte oppdrag via tekstmelding eller e-post. Meldingar frå innbyggar kjem då direkte inn i den elektronisk pasientjournalen, som for kommunane på Søre Sunnmøre er Gerica.

Det er viktig at alle innbyggarar som tek imot kommunale helse- og omsorgstenester, eller har fullmakt på vegne av desse, no aktiverer seg i helsenorge.no, slik at den nye sikre kanalen for dialog kan nyttast. All digital kommunikasjon med helsevesenet vil då skje frå same stad, og innbyggar får ei samla oversikt. I pasientjournalen vil meldingane verte samla per tenestemottakar.

Meir informasjon er å finne på KS sine sider, samt på helsenorge.no. Kommunane vil dele ut brosjyre til eigne tenestemottakar og tilsette er ivrige etter å ta i bruk tenesta. No er det opp til innbyggarane å starte å ta i bruk den nye kanalen for dialog, framfor å bruke telefon, e-post og tekstmelding, som ikkje er sikre løysingar.