No er sjukeheimen vaksinert

Denne veka tek heimetenesta over «stafettpinnen». No skal hareidsdølingane over 85 år få tilbod om koronavaksine.

Klikk for stort bileteKamilla Grimstad Hagen (f.v.), Birte Kristine Mork og Ann Cathrin Hjelmeseth ved Hareid sjukeheim gjorde seg torsdag klar til å dei første vaksinane mot Covid-19 i Hareid og Ulstein. Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll /m særskilt løyve  


Vaksineringa vert utført av sjukepleiarar som også er sertifiserte vaksinatørar. Aktørar som skal vaksinere har tett dialog i overgangar frå sjukeheim og vidare frå heimetenesta til Hareid legesenter som vil fortsette å vaksinere gruppa over 85 år.

Alle som skal få vaksine vil bli kontakta av heimeteneste eller legesenter for å få tilbod om vaksine. Det er ikkje naudsynt å bestille time sjølv.

Dersom du har spørsmål om koronavaksinen og vaksineringa, kan du besøke vår spørsmål-svar-side om koronavaksinen. Denne sida blir oppdatert fortløpande. Det er også mogleg å legge inn spørsmål via tilbakemeldingskjemaet nedst på sida. Spørsmåla må vere generelle, og du må ikkje legge inn personopplysningar.

I tillegg til å vaksinere dei eldste, blir no inntil 20 prosent av dosene gitt til prioritert helsepersonell etter nasjonale tilrådingar.

For å få full effekt av koronavaksinen får alle to doser med tre vekers mellom rom. Dei fyrste som fekk koronavaksinen på sjukeheimen, vil få andre dose i veke 4. Vaksineringa med dose nummer to skjer parallelt med vaksinering av nye personar.