No er skulehelsetenesta på Snapchat!

Har du ungdom i hus, eller er nysgjerrig sjølv? No treff du helsesjukepleiar i kommunen på Snapchat. 

Klikk for stort bileteSkann denne koden med telefonen din for å kome til helsestasjonen sin snapchat-konto.

Sjekk ut ved å skanne snapkoden med telefonen eller ved å trykke på denne lenka.

Dette er ein del av satsinga «digitalisering av helsestasjon og skulehelseteneste». Målet med å vere tilstades og aktiv i sosiale medium, er å senke terskelen for at ungdom sjølv tek kontakt med skulehelsetenesta og helsestasjon når dei har behov.

I vår vart det gjennomført ei spørjeundersøking blant elevane på ungdomskulen, og resultatet av denne viste tydeleg at ungdomen ønska seg Snapchat som plattform. No er vi i gang for fullt, og prøvar dette ut i kommunane Hareid, Volda og Ørsta. Ordninga kjem til å bli evaluert i løpet av hausten, med innspel frå både ungdomen sjølve og skulehelsetenesta.

I tillegg til å ta opp aktuelle tema og informere om trefftid på skulen og helsestasjon for ungdom, vil helsesjukepleiar så langt det er mogleg svare på spørsmål som kjem inn. Vi gjer merksam på at Snapchat berre er betjent i ordinær arbeidstid, og at sensitive opplysningar kring helse og personelge førehald ikkje kan delast på Snapchat. Det er altså ikkje ei erstatning for ordinære samtalar, men ein tilleggskanal som kan gjere det enklare for ungdom å ta kontakt og la dei bli betre kjend med tenesta og dei som jobbar her.