No får 16- og 17-åringane i Hareid vaksine

Onsdag 15. september får alle født i 2004 og 2005 i Hareid tilbod om vaksine på Helsestasjonen.

Vaksinatørane på helsestasjonen gjer klar vaksiner før ny runde med vaksine. Bente Øvrelid  

Få nyheiter frå Hareid kommune rett i innboksen - trykk her!

Eit par gongar i månaden, og ved særlege hendingar, sender vi ut nyheitsbrev. Til no har vi om lag 600 abonnentar, i tillegg til alle tilsette.

I nyheitsbrevet får du mellom anna dei viktigaste nyheitssakene og påminningar om viktige fristar.

Vi sender ut tekstmelding til ungdomane i veke 36 frå C19 om at dei kan bestille time. Vi håpar å få svar så raskt som råd på denne meldinga. Alle i desse årskulla får Pfizer-vaksine.

Vi ber føresette til barn i denne gruppa om å vere ekstra merksame på at deira barn får og svarer på meldinga.

Fråvær?

Vi har vore i kontakt med skulane på Søre Sunnmøre. (Ulstein, Volda, Ørsta og Herøy). Elevar som går her vil ikkje få ført fråvær på grunn av vaksineringa. Men hugs å gi beskjed til skulen likevel.

12-15-åringar

Det blei klart 2. september at også dei 12- til 15- åringane skal få tilbod om vaksine. Vi kjem tilbake til korleis dette skal organiserast. Hugs at desse må ha skriftleg samtykke frå begge føresette - så de kan allereie no laste ned og skrive under samtykkeskjemaet som de finn lenke til lenger oppe i saka.