No får hareidsdølingar i 40-åra vaksineinnkalling

Lærarar og barnehagetilsette i Hareid kommune vil også få tilbod om koronavaksine.

Klikk for stort bilete 

Få nyheiter frå Hareid kommune rett i innboksen - trykk her!

Eit par gongar i månaden, og ved særlege hendingar, sender vi ut nyheitsbrev. Til no har vi om lag 600 abonnentar, i tillegg til alle tilsette.

I nyheitsbrevet får du mellom anna dei viktigaste nyheitssakene og påminningar om viktige fristar.

Til saman har over 2000 personar fått fyrste dose med koronavaksine i Hareid kommune. Over 1300 personar har fått to dosar og er fullvaksinerte.

Turen for å få tilbod om vaksine har no kome til dei som er født i 1973.

Vi håpar at dei som får innkalling er raskare til å svare. Då er det lettare for dei tilsette å planlegge, mellom anna å kalle inn nye personar slik at vi får vaksinert flest mogleg raskast mogleg.

Dersom du er på ferie når du får innkallinga, kan du kontakte oss på telefon 70037750 eller 46834785 for å få time til etter ferien.

Når vi er ferdige med aldersgruppa 45-55 år, vil vi vaksinere aldersgruppene 18-25 og 40-44 parallelt. Då vil 44-åringane og 18-åringane får innkalling samstundes, deretter 43- og 19-åringane og så bortetter.

Frå veke 27 vil også lærarar og barnehagetilsette i Hareid kommune få tilbod om vaksine. Regjeringa har opna for at inntil 10 prosent av vaksinedosane som kommunane får, kan gå til å vaksinere lærarar og barnehagetilsette slik at flest mogleg er vaksinert til skulestart.

Les meir om denne ordninga på regjeringen.no