No flyttar vi til rådhuset!
11. juni skal administrasjonen tilbake til rådhuset. Denne dagen vil servicetorget halde stengd.
Rådhuset er snart klart til innflytting.
Delar av administrasjonen vil starte flyttinga tidlegare og andre blir verande noko lenger. Her er oversikt over når dei enkelte einingane flyttar:
- 5. juni vil sektor for samfunnsutvikling (bygghandsamar, vass- og avløp etc) starte å flytte.
- 11. juni (tysdag etter pinse) vil dei resterande einingane flytte. Den dagen vil rådhuset/servicetorget halde stengt. Frå 12. juni vil servicetorget vere på rådhuset og ikkje i Myravegen.
- 17. juni vil løn og personal flytte til rådhuset.
Det er alltid lurt å gjere avtalar med sakshandsamarar i førekant, men det er særleg smart å ta kontakt i denne perioden slik at ein møter opp på rett rådhus.
Publisert 01.06.2019 09:34
Sist endra 23.05.2019 09:57