No influensavaksina her

Er du gravid, over 65 år, har anna sjukdom, er helsepersonell, bur med personar med nedsett immunforsvar eller svinerøkter? Då bør du nytte moglegheita til å vaksinere deg.

Klikk for stort bilete Pexcel.com   

Vaksineringa vil skje på bygdastova på Hadartun følgande dagar:

  • Måndag 28. oktober kl. 9-12
  • Måndag 4. november kl. 9-12

Vaksina kostar kr 200,-  Du kan betale med kort

Folkehelseinstituttet anbefaler vaksine til:

  1. Gravide etter 12.svangerskapsveke (2. og 3. trimester). 
  2. Gravide i 1.trimester med anna tilleggs risiko kan vurdere å få vaksine.
  3. Alle frå og med fylte 65 år
  4. Bebuarar i omsorgsbustad og sjukeheim
  5. Born og vaksne med:
  • Diabetes mellitus, type 1 og 2
  • Kronisk luftvegssjukdom, hjarte- og karsjukdom, leversvikt eller nyresvikt
  • Kronisk nevrologisk sjukdom eller skade
  • Nedsett immunforsvar
  • Svært alvorleg fedme(KMI over 40)
  • Annan alvorleg og/eller kronisk sjukdom der influensa utgjer ein alvorleg helserisiko etter individuell vurdering av lege

I tillegg anbefalast influensavaksine til følgjande grupper, primært for å beskytte andre:

  1. Helsepersonell med pasientkontakt
  2. Husstandskontakter til personar med nedsett immunforsvar
  3. Svinerøktarar og andre som har regelmessig kontakt med levande grisar

Saniteten stiller velvillig opp med kaffi og noko attåt!

Hareid helsestasjon